...

HOMØOPATI

Homøopati er ein av dei store terapiformer som blir praktisert verda over.  Den har bevist sin rettmessige plass innan medisinen gjennom å vera ein effektiv behandlingsmetode for ei rekkje lidingar, både kroniske og akutte.

Grunnleggjaren av homøopatien var den tyske legen Samuel F. Hahnemann
(1755 - 1843).


Kva er sjukdom?

Vi høyrer ofte at folk seier: "Eg er ikkje i form i dag."  Dette utsagnet fortel ubevisst mykje om kva sjukdom eigentleg er; nemleg forandring av form og eigenskap/funksjon.  Eit døme her kan vera hofteartrose.  I eit slikt sjukdomsbilde er brusken i leddflatene ruffla og delvis borte.  Den ideelle forma som eit hofteledd skal  ha  for å fungera bra er forandra. Denne forandringa fører til at eigenskapen/funksjonen forandrar seg - vi får vanskar med å bevega hofta, den blir stivare, ein får vondt når ein går osb.

Alle sjukdomar har forandring i form og eigenskap/funksjon.  Det er desse forandringane som gjev opphav til smerte/ubehag.  Ut ifrå ein homøopatisk forklaringsmodell er det livskreftene  som opprettheld  forma i ein organisme og som gjer at vi held oss friske.


Kvifor blir vi sjuke?

Sidan det er livskreftene som opprettheld forma i vår organisme og  gjer at vi føler oss friske, er sjukdom analogt med at det på ein eller annan måte har tilkome forandringar i livskreftene.  Organismen vår klarer ikkje lenger å tilpassa seg dei skiftande indre og ytre forandringar utan å måtta ty til sjølvsforsvarsreaksjonar i form av bl.a. smerte og anna ubehag.

Årsaker til at sjukdom oppstår, kan vera mange. Det kan vera arvelege disposisjonar, fysiske og psykiske traume, livsstils - og miljømessige forhold osb. Det finnes også mange filosofiske forklaringar på dette spørsmålet som vi her ikkje skal gå inn på.


Organismen sin reaksjon på sjukdom?

Det skjer kontinuerlige formforandringar i ein organisme av ulike årsaker som vi såvidt har nemt.  Som regel merker vi lite til  desse prosessane.  Men blir formforandringane store nok, seier organismen frå om dette via smerte eller ubehag.  Homøopatien oppfattar ikkje desse prosessane som negative, men som organismen sine sjølvforsvarsreaksjonar for å overleva - sjølv om dei er aldri så ubehagelege.  Eit anna ord for slike prosessar er homøostaseprinsippet.

Et du t.d. bederva  mat eller inntar for mykje alkohol, er organismen sin forsvarsreaksjon diarre eller oppkast og samstundes ei svekking av almentilstanden slik at den sjuke er nøyd til å ta det med ro. Ved infeksjon av bakteriar og virus er det som regel feber.  I kroniske sjukdomsforløp gjeld det same, men her er forsvarsreaksjonane for svake til at organismen av seg sjølv vinn tilbake helsa.


Det homøopatiske prinsipp.

I motsetnad til vanleg vestleg medisin, prøver homøopatien å forsterka desse naturlege sjølvforsvarsreaksjonane.  Ein presenterar altså organismen for ein medisin som etter grundig utprøving skapar liknande symptom som det den sjuke har. Det er dette som ligg i begrepet liknande kurerer liknande.

Homøopatisk  farmakologi.

Alle substansar, om dei kjem frå planter, mineralar, metall, dyresekret osb., har evnen til å skapa formforandringar i ein levande organisme/vev.  Sidan homøopatien har som prinsipp å forsterka forsvarsreaksjonane, blir det difor ein logisk konsekvens å skaffa seg kunnskap om kva symptom dei ulike substansar frambringar i ein levande organisme.  Dette blir gjort ved utprøving på normalt friske menneske. Her er mennesket plassert i midten og må via eigne subjektive og objektive iaktakingar uttrykkja formforandringane via symptomspråket - ikkje via kjemiske analysar eller dyreforsøk. Substansen blir gjennom mennesket på denne måten omgjort til eit symptomspråk av sterk individuell karakter.

Det er pr. i dag gjort utprøvingar på mange hundre substansar, noko som tilseier eit terapeutisk potensiale som femner om eit stort antall individuelle sjukdomsuttrykk både av fysisk og psykisk karakter.  Alle desse symptombilda er samla i prøveprotokollar - materia medica - og systematisert i symptomregister - repertorier.

Dei homøopatiske midla blir produsert i ei rekkje land etter godkjende standardprosedyrar.  I Norge blir dei selt gjennom apotek.

Homøopatiske medisinar blir enten administrert i rå eller i fortynna/potensert form.  Dei potenserte midla blir laga  ved ein kombinasjon av fortynning og risting/støting av utgangssubstansen som er oppløyst enten i alkohol eller vatn.  Erfaringa viser at jo meir utgangssubstansen er fortynna/rista (potensert), jo kraftigare blir evnen til formforandring i levande vev samstundes som biverknadane blir sterkt nedtona.


Det homøopatiske intervjuet.

Homøopaten si oppgåve blir åsamanfatta/samanlikna det som den sjuke presenterar av individuelle symptom med det som er nedskrive i dei homøopatiske prøveprotokollane - materia medica.  I eit intervju er det naudsynt å få kartlagt kva tid plagene begynte, om spesielle forhold har utløyst dei, smertetype, tid på døgnet der symptoma er mest aktive, kva forhold som lindrar eller forverrar tilstanden,  reaksjonar på klimaforhold, matbehov, søvn, lokalisering og utbreiing av plagene, følelsesmessige forhold som oppstår osb.

Eit intervju tar frå 1 til 2 timar. Etterarbeidet med å finna det mest passande midlet kan vera tidskrevjande.


Administrasjon av kuren - oppfølging.

Når det passande homøopatiske midlet er valgt og dose og potens er bestemt, byrjar prosessen med å nøye iakta kva som skjer etter at den fyrste dosen er tatt.  Her må homøopaten vera grundig i sine nedteikningar og pasienten grundig i sine observasjonar av seg sjølv og sine symptom og meddela dette til homøopaten.

Ettersom det homøopatiske prinsippet inneber å forsterka forsvarsreaksjonane i organismen, vil ein del kunna oppleva forverringstilstander.  Dette varer som regel ikkje mange dagar og er harmlaust.  (Ta kontakt dersom du er i tvil).  Skulle det dukka opp symptom som pasienten aldri har hatt får (ofte er det symptom ein har gløymt å fortelja om), kan dette vera teikn på feil middelvalg. Desse nye symptoma blir lagt til dei øvrige symptoma og eit evnt. nytt middel valgt. 
Det kan dessutan vera ulike måtar å administrera eit homøopatisk middel på.  Nokre gonger lar ein det gå lang tid mellom kvar repetisjon dersom det er framgong i kuren.  Andre gonger kan ein velja å repetera oftare.  Dette vil ein vurdera individuelt i kvar einskild tilfelle.


Kva er kur?

Målet for ein homøopatisk kur er å bringa pasienten fram til ei betre helse på alle plan. 
Det fyrste ein som regel opplever etter å ha fått rett valgt middel, er ei generell betring når det gjeld arbeids/tiltakslyst og større psykisk velvære.  Dei fysiske symptoma bør forsvinna i omvendt rekkefylgje i forhold til sjukdomshistoria og innanfrå og ut til meir perifere organsystem.


Kurens lengde.

Lengda på ein homøopatisk kur er avhengig av sjukdomsart, kor lenge ein har vore sjuk, alder og almentilstand, medisinforbruk osb. Jo meir kronisk, jo lengre vil behandlingstida bli.

Kurens lengde kan nedkortast dersom pasienten er nøyaktig i sine observasjonar av seg sjølv og sine symptom.  Jo meir informasjon om det som er mest slåande, framandarta i forhold til det som er forventa ved spesielle diagnosar, usedvanlige og spesielt (karakteristisk), jo større er sjansen for å velja det rette middel.


Kva forstyrrar ein homøopatisk kur?

Årsaka til at visse substansar eller fødevarer forstyrrar eller opphevar effekten av homøopatiske midlar, er deira evne til å påverka organismen medisinsk enten i form av ei svekking av sensitiviteten eller at dei frambringar symptom som gjer det vanskeleg å koma fram til eit sannferdig symptombilde.

Dei vanlegaste er:  kaffi, kofeinhaldige leskedrikkar, sterke drops/pastillar/tyggegummi, peppermynte, kamfer, mentol, sterke luktstoff (parfyme, tynnere, salmiakk osb.)  Ver varsam med alkohol.

Allopatiske medisinar verkar i dei aller fleste tilfeller motsatt av homøopatiske.  Skal ein oppnå ein optimal kur som fører fram til betre helse, vil ein slik kombinasjon vera dårleg.  Ei eventuell seponering av medisinar forordna av lege, skal avtalast med vedkomande.  Ofte går det an å foreta ei gradvis seponering.

Kombinasjon med andre terapiformer (soneterapi, akupunktur osb.) kan oppheva effekten av homøopatiske middel.  Det vil også vera forvirrande både for pasient og homøopat å ikkje nøyaktig vita kva som påverkar organismen.  Det beste er å prøva ut ein ting om gongen.  Dersom ein og same terapeut nyttar andre terapiformer og homøopati samstundes, kan dette stilla seg annleis. 

Vanskelege livsituasjonar kan generelt påverka organismen og føra til at ein kur blir mindre vellykka.  I slike tilfelle kan samtalar ofte vera meir gagnlege i staden for å gje homøopatisk medisin eller tilvising til meir adekvat behandling.





Kosthald og levevis.

I einskilde pasienttilfelle kan det vera aktuelt å forandra kosthaldet.  Dette gjeld der fødeinntaket er einsidig og med eit for stort inntak av substansar som har medisinsk effekt.


...
Nøtterøy
Naturmedisinske
Center

Skarphagav. 42 B
N-3120 Nøtterøy


Tlf: 33 32 08 56
Fax: 33 32 35 65